1. Fiskeri og havbruk
  2. Regelverk
  3. Havressurslova
  4. § 22
§ 22

Sports- og rekreasjonsfiske

Gjeldende ordlyd i havressurslova § 22. Vi varsler deg hvis den endres.

Regelverk
Lov
Sist endret
1. jan 2026
Endringer
0

Ordlyden i dag

Havressurslova § 22Når det vert hausta med fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiska frå land, kan det ikkje nyttast andre reiskapar enn handsnøre, fiskestong og liknande handreiskapar éi maskindriven jukse eller dorg garn med samla lengd på inntil 210 meter liner med inntil 300 onglar inntil 20 teiner eller ruser. Desse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål. Departementet kan i forskrift fastsetje kvantumsavgrensingar, strengare reiskapsavgrensingar eller forbod mot hausting i nærare bestemte område når det er nødvendig av omsyn til ressursforvaltninga. Den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 5 , kan utan omsyn til reglane i første ledd berre drive sportsfiske med handreiskapar. Det er forbode å omsetje fangsten. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå første og andre punktum for jakt på kystsel. Departementet kan i forskrift påleggje den som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. For statistikkformål kan departementet i forskrift også påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar om haustinga. Departementet kan i forskrift fastsetje krav til registrering for å drive verksemd som nemnd i første punktum og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Departementet kan i forskrift gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra. Utan omsyn til reiskapsavgrensingane i første ledd, kan departementet i forskrift fastsetje at det kan drivast jakt på kystsel frå land og med fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Det kan fastsetjast nærare føresegner om slik jakt. Føresegnene i fjerde og sjette ledd gjeld ikkje på Svalbard eller i fiskevernsona og territorialfarvatnet ved Svalbard. Dei andre føresegnene i eller fastsette i medhald av lova gjeld så langt dei høver. Endra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540 ), 7 mars 2014 nr. 6 (ikr. 7 mars 2014 iflg. res. 7 mars 2014 nr. 254 ), 16 juni 2017 nr. 73 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 747 ).

Endringer i denne paragrafen

Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.

Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).

Slik ser en endring ut når den kommer:

Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.

Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.

Naboparagrafer

Forrige
§ 21: Forbod mot hausting i område som er påverka av ureining
17 ord
Neste
§ 23: Omsetningsgrense for sports- og rekreasjonsfiske
162 ord
Oversikt
Alle 78 paragrafer i havressurslova
Se hele regelverket

Bli varslet hvis § 22 endres

Vi sammenligner ordlyden i denne paragrafen mot vår egen kopi hver natt. Endres den, får du beskjed — med hva som sto der før og hva som står der nå.

Gratis. Ingen konto nødvendig.

Kilde: Lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) (LOV-2008-06-06-37) § 22, hentet fra Lovdatas åpne data 15. august 2026 under NLOD 2.0. Les § 22 hos Lovdata (åpnes i ny fane).

Følg § 22Kom i gang