Ordlyden i dag
Havressurslova § 23cFor den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar etter deltakerloven § 5 , er det forbode å tilverke, pakke eller laste om viltlevande marine ressursar eller delar og produkt av slike. Forbodet gjeld fangst både frå norske og utanlandske fartøy. Forbodet mot tilverking omfattar alt vidare arbeid med fangsten om bord i fartøyet etter at fangsten eventuelt er bløgga, sløgd og hovudkappa. Innfrysing utan at det vert arbeidd vidare med fangsten, vert likevel ikkje rekna som tilverking. Forbodet mot pakking omfattar ikkje pakking som er naturleg fordi fangsten skal frysast inn om bord og deretter verte transportert med fartøyet. Innpakkinga skal i så fall vere ueigna for sal til forbrukarar eller andre sluttbrukarar. Fiskeridirektoratet kan gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når særlege grunnar tilseier det. For norskfanga fisk kan Fiskeridirektoratet også gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når omsynet til omsetningstilhøva tilseier det, og omsynet til produksjonen ved foredlingsanlegga ikkje talar imot. Det kan gjevast unntak berre for eit bestemt kvantum, eit bestemt tilfelle, eit bestemt fiskeslag eller eit bestemt tidsrom. Føyd til med lov 16 juni 2017 nr. 73 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 747 ).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer