Ordlyden i dag
Havressurslova § 46Fiskeridirektoratet skal ha uhindra og direkte tilgang til fartøy i gjennomføring av kontroll etter § 44 . Same tilgangen skal Fiskeridirektoratet ha til reiarlagskontor og fiskemottak og hos alle andre som i ervervssamanheng rår over, transporterer, oppbevarer, produserer eller på andre måtar handterer viltlevande marine ressursar, og til stader der relevante dokument og opplysningar er å finne. Det same gjeld også hos dei som i forskrift er pålagde å gje opplysningar i medhald av § 22 femte ledd. Fiskeridirektoratet skal ha uhindra og direkte tilgang til rekneskapar, relevante dokument, gjenstandar og opplysningar hos alle som er nemnde i første ledd. Ansvarshavande eller representant for ansvarshavande skal gje tilgang til og leggje fram relevante gjenstandar, relevante og korrekte opplysningar og dokument og stadfeste kopiar av desse. Vidare skal han tillate merknader i fangstdagbok, mottaksjournal og liknande og skrive under kontrollrapporten som vert sett opp. Ansvarshavande eller representant for ansvarshavande kan føre merknader på rapporten. Fiskeridirektoratet kan gje pålegg om å stanse fartøy, trekkje reiskapar eller sjølv trekkje reiskapar og forankring til slike og stanse andre pågåande aktivitetar om bord i fartøy eller på land. Fiskeridirektoratet kan vidare gje pålegg om å stanse transportmiddel. Fiskeridirektoratet kan plombere reiskapar og oppbevaringsstader for viltlevande marine ressursar, dokument, relevante opplysningar og gjenstandar. Når eigaren ikkje kan identifiserast, kan Fiskeridirektoratet og Kystvakta beslaglegge fiskereiskapar som ikkje oppfyller krava til merking fastsette i eller i medhald av lova her. Kystvakta kan levere beslaglagd reiskap til Fiskeridirektoratet når eigaren ikkje kan identifiserast. Melder ikkje eigaren seg innan ein månad etter beslaglegginga, kan Fiskeridirektoratet destruere eller avhende reiskapen. Reiskapen kan leverast til politiet for avhending. Departementet kan fastsetje forskrift om gjennomføring av beslag, destruering og avhending etter paragrafen her. Fiskeridirektoratet kan gjennomføre produksjonsprøver, opne emballasje og ta prøver av vareparti, mellom anna tine fryst vare. Dersom eigaren av vara eller andre vert påførte utgifter gjennom slike undersøkingar, kan utgiftene ikkje krevjast refunderte. Politiet skal yte Fiskeridirektoratet nødvendig hjelp og vern ved gjennomføring av kontroll. Endra ved lov 6 juni 2025 nr. 29 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 6 juni 2025 nr. 963 ).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer