Ordlyden i dag
Havressurslova § 51Departementet kan fastsetje forskrift om forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når fartøyet har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når den som eig eller driv fartøyet er eit rettssubjekt som med eit anna fartøy har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat forbod mot lasting og lossing og mot hamne-, forsynings- og støttetenester i norsk hamn til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b forbod i territorialfarvatnet mot forsynings- og støttetenester og omlasting til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b forbod mot forsynings- og støttetenester til og frå anna fartøy med norsk fartøy eller på annan måte, når det førstnemnde fartøyet har eller får forbod etter bokstav a til d forbod etter bokstav a til e for fartøy som er oppførte på lister i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar over fartøy som driv ulovleg, urapportert eller uregulert fiske. Kongen kan fastsetje forskrift som forbyr fartøy som ikkje er norsk, jf. deltakerloven § 5 , tilgang til norske indre farvatn, dersom vilkåra for å forby ilandføring av fangsten etter § 50 eller etter paragrafen her første ledd bokstav a, b eller f, er oppfylte. Endra ved lov 5 mars 2021 nr. 7 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 17 des 2021 nr. 3629 ).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer