Ordlyden i dag
Havressurslova § 59Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova, kan påleggjast lovbrotsgebyr. Ved brot på føresegner fastsette i medhald av denne lova, kan det berre påleggjast lovbrotsgebyr når dette går fram av forskrifta. Dersom nokon som handlar på vegner av eit føretak bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova, kan føretaket påleggjast lovbrotsgebyr. Det gjeld sjølv om ingen enkeltperson kan påleggjast lovbrotsgebyr. Lovbrotsgebyr kan påleggjast etter faste satsar eller utmålast i kvart enkelt tilfelle. Ved fastsetjing av gebyret kan det mellom anna takast omsyn til fortenesta eller den potensielle fortenesta som den ansvarlege har hatt ved lovbrotet, kor alvorleg lovbrotet er, og ekstra kostnader som kontrolltiltak og handsaming av saka har ført med seg. Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om fastsetjing av lovbrotsgebyr og føresegner om rente og tilleggsgebyr dersom lovbrotsgebyret ikkje vert betalt ved forfall. Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Lovbrotsgebyr kan også krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer. Domstolane kan prøve storleiken på gebyret. Lovbrotsgebyr og straff etter kapittel 12 kan ikkje nyttast mot same lovbrot. Endra ved lov 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540 ).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer