Ordlyden i dag
Havressurslova § 64Grovt lovbrot som er gjort med grov aktløyse eller med vilje, kan straffast med fengsel i inntil seks år. Ved vurderinga av om lovbrotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av lovbrotet er stor, om lovbrotet har skjedd systematisk og over tid, om lovbrotet er av grenseoverskridande art, og om lovbrotet har skjedd som ledd i organisert verksemd. Når straffansvar etter §§ 60 til 63 kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje. Ved avgjerda av om ein underordna skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt lovbrotet er, og om vedkomande har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved brotet. Dersom utanlandsk fartøy har brote føresegner som er nemnde i §§ 60 til 63 utanfor sjøterritoriet, kan fengselsstraff ikkje nyttast. Det kan heller ikkje påleggjast subsidiær fengselsstraff i fall bot ikkje vert betalt. Fengselsstraff kan likevel nyttast dersom dette følgjer av avtale med ein framand stat eller fartøyet er statslaust. Fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Oppdragsgjevaren kan også straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren. Endra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540 ), 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av havressurslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang havressurslova ble endret var 1. januar 2026, ved lov 6. juni 2025 nr. 29. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer