Ordlyden i dag
Skogbrukslova § 14Skogfond er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogeigaren skal setje av middel til skogfondet ved sal, oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive virke eller av tre på rot, ved skogeigaren sin bruk av virke for vidare sal eller anna overdraging. Plikta gjeld ikkje skogeigaren sin bruk av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruksverksemd på eigedommen. Statsforvaltaren kan frita ein skogeigar frå plikta til å innbetale til skogfond etter første ledd dersom det er urimeleg å krevje slik innbetaling, og skogeigaren kan vise til at det blir utført investeringsarbeid i skogen som minst svarar til den innbetalinga som er pliktig. Inneståande skogfondsmiddel følgjer eigedommen ved overdraging til ny eigar, og inneståande middel kan ikkje skiljast frå eigedommen ved pantsetjing, tvangsfullføring eller på annan måte. Departementet kan gi forskrifter om ordninga med skogfond, og fastset kor stor fondsavsetjinga skal vere. Avsetjinga skal ikkje vere lågare enn 2 prosent av bruttoverdien av virket. Ved manglande innbetaling til skogfondet er krav frå kommunen tvangsgrunnlag for utlegg. Endra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416 ).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av skogbrukslova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang skogbrukslova ble endret var 1. januar 2025, ved lov 6. desember 2024 nr. 74. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer