Ordlyden i dag
Økonomiforskrift til privatskolelova § 4-7Vidaregåande skolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober og 1. april. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober og 1. april. Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4 . Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om og skal rapporterast som fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast per elev og leggjast ved når skolen rapporterer det tilskotsberettiga elevtalet. Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje blir tilbodne på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet. Elevar som har fråvær ut over § 4-2 tredje ledd, skal ikkje rapporterast som tilskotsberettiga. Dersom skulen etter teljedato kan dokumentere eleven sitt fråvær, jf. § 4-4 , skal dagleg leiar melde frå til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot. Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april. Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratet så tidleg som mogleg.
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av økonomiforskrift til privatskolelova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang økonomiforskrift til privatskolelova ble endret var 18. mai 2026, ved forskrift 18. mai 2026 nr. 831. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer