Ordlyden i dag
Privatskoleforskrifta § 3-13Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, kan takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, kan takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet. Følgjande søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak etter første ledd, kan likevel takast inn til neste trinn dersom skolen etter ei samla vurdering finn at det er forsvarleg ut frå dei faglege føresetnadene: søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter privatskolelova § 3-6 , jf. opplæringslova § 11-6 , og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål. søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag. For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal skolen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga. Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde. Skolen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom skolen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av privatskoleforskrifta. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang privatskoleforskrifta ble endret var 1. august 2026, ved forskrift 22. juni 2026 nr. 1213. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer