Ordlyden i dag
Privatskoleforskrifta § 6-16Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 6-2 . Skolen har ansvar for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast. Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg. I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 4-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 6-35 - § 6-37 . Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen. Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom skolen er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan skolen krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført. Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 6-7 , skal skolen gjere enkeltvedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget. Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av privatskoleforskrifta. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang privatskoleforskrifta ble endret var 1. august 2026, ved forskrift 22. juni 2026 nr. 1213. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer