Ordlyden i dag
Privatskoleforskrifta § 6-19Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk . Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag. Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av privatskoleforskrifta. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang privatskoleforskrifta ble endret var 1. august 2026, ved forskrift 22. juni 2026 nr. 1213. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer