Ordlyden i dag
Privatskoleforskrifta § 6-49På vitnemålet til elevar skal det berre førast standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i samsvar med læreplanar i fag. Ein kan få ført karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse, på vitnemålet. Dersom ein elev ikkje fullfører eit fag på det nivået der standpunktkarakter skal setjast, er det den halvårsvurderinga med karakter som eleven har fått etter det siste fullførte skoleåret, som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset med ei presisering av at det er halvårsvurderinga med karakter som er brukt. I eit fag der det er fastsett i læreplanen at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, er det eksamenskarakteren på høgaste nivå som skal førast. Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 3-2 , er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. Elevar med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurderte etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset. Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184 .
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av privatskoleforskrifta. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang privatskoleforskrifta ble endret var 1. august 2026, ved forskrift 22. juni 2026 nr. 1213. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer