Ordlyden i dag
Kassasystemforskrifta § 2-7(1) All kontinuerleg bruk skal lagrast fortløpande i elektronisk journal. Dette omfattar også opplysningar på kvitteringar som nemnt i § 1-2 bokstavane d til h. Elektronisk journal skal vere sikra mot endring og sletting. Elektronisk journal kan overførast til eit anna elektronisk medium i eit filformat som ikkje enkelt lar seg redigere. Slik overføring skal ikkje kunne gjerast før kassasystemet har produsert ein Z-rapport. Systemet skal kunne produsere ei fil direkte frå elektronisk journal eller anna elektronisk medium i ei standardisert form fastsett av Skattedirektoratet. (2) Tidspunkta for opning av integrert kassaskuff skal gå fram av elektronisk journal. (3) Dersom kassasystemet har funksjonar for fastsetjing av prisar for varer og tenester, skal det vere mogeleg å ta fram opplysningar om aktuelle prisar frå kassasystemet. Det skal i slike tilfelle gå fram av den elektroniske journalen når prisane har blitt endra. Det same gjeld ved andre endringar i dei faste opplysningane. (4) Dersom kassasystemet har funksjonar for å undersøke pris, skal slike prisundersøkingar registrerast i elektronisk journal. (5) Dersom kassasystemet har funksjonar for identifikasjon av den enkelte operatør ved bruk av kort eller liknande, skal elektronisk journal innehalde opplysningar om vedkomande sitt namn eller tilsettnummer i samband med salstransaksjonane og andre registreringar. (6) All kontinuerleg bruk må kunne identifiserast og skiljast ut med eit startpunkt. Endra ved forskrift 6 juli 2016 nr. 901 .
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av kassasystemforskrifta. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Forrige gang kassasystemforskrifta ble endret var 3. februar 2026, ved forskrift 3. februar 2026 nr. 129. Det var før vi begynte å ta kopier, så vi kan ikke vise en sammenligning for den — se gjeldende tekst hos Lovdata (åpnes i ny fane).
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer