Ordlyden i dag
Kassasystemlova § 7(1) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utlevere programvare mv. etter § 4 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utlevering skjer. Tvangsmulkta utgjer eitt rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd. (2) Skattekontoret kan påleggje ein leverandør som ikkje har retta seg etter pålegg om å utbetre mangelen eller trekkje kassasystemet frå marknaden etter § 6 andre ledd innan den fastsette fristen, ei dagleg laupande tvangsmulkt fram til utbetring skjer. Tvangsmulkta utgjer ti rettsgebyr per dag, jf. rettsgebyrloven § 1 andre ledd. (3) Samla tvangsmulkt kan ikkje overstige ein million kroner. (4) Vedtak om tvangsmulkt blir retta mot styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon og blir sendt kvart medlem i rekommandert brev. Tvangsmulkta kan inndrivast så vel hos medlemane av styret som hos selskapet, samvirkeføretaket, foreininga, innretninga eller organisasjonen. (5) Vedtak om tvangsmulkt kan klagast inn til Skattedirektoratet innan tre veker. (6) Tvangsmulkta blir overførd til statskassen.
Endringer i denne paragrafen
Ingen endringer siden 15. august 2026. Det er dagen vi tok vår første kopi av kassasystemlova. Fra og med da sammenligner vi ordlyden hver natt, og viser nøyaktig hva som er strøket og hva som er kommet til.
Slik ser en endring ut når den kommer:
Eksempel · ikke en reell endringVirksomheten skal oppbevare dokumentasjonen i tre fem år.
Eksempelet over er oppdiktet og viser bare hvordan markeringen fungerer: strøket tekst og ny tekst. Reelle endringer hentes alltid fra Norsk Lovtidend.
Naboparagrafer